Framleis om del 1 Putin

Framhald om propagandaprogrammet? Mørketid.

I dag var det reprise av 1. episode om Putin: Introduksjonen var som følgjer:
"Putin drøymde som gut om å bli James Bond. Han var i djup sorg da Berlinmuren fall. Vil han ha revansj? Gjenreise imperiet?
Difor han: Angrip naboar? Trollar val? Splittar Vesten?"

Den første delen av dette introduksjonsskvaldret er sjølvsagt vekebladjournalistikk på aller lågaste nivå. Reine meiningsløysa!
Og så kjem påstandane om at Russland har angripe naboar - som er REIN LØGN, påstanden om at Russland har trolla val - som også er REIN LØGN, og påstanden om at det er Russland som splittar Europa - som også er REIN LØGN. 
Programmet skal ta for seg Putin, Marie Le Pen, Trump, Erdogan, 1 person eg ikkje har klart å identfisere - (programmet har nemleg ikkje skikkeleg open informasjon) og Kim Jung-un. Og desse representerer altså dei mørke kreftene i verda.(Når dei kjem til Trump, trur eg nok han delvis forsvinn frå mørketida). Denne proklamasjonen av Mørketid minner mest om Bush sin "Axis of Evil". 

Dei som føler denne mørketida og "klumpen i magen" er Halvor Finess Tretvoll og Nina Stensrud Martin. Og i det første programmet i tillegg Age Borchgrevink. Julie Wilhemsen er i første programmet med som "balanse", men er sørgjeleg i mindretal. Ho kjem heile tida med kloke innspel til diskusjon, men det bryr ikkje dei andre deltakarane seg om. Dei held fram med meiningsløysa si. Eit eksempel: Julie Wilhelmsen informerer om rakettbasane som NATO har etablert i Polen og andre stader nær Russland. Då seier Nina S Martin at dei ikkje er dimensjonert for angrep på Russland og avbryt. Men kva veit Nina S Martin om dette? Ingenting sjølvsagt, viss ho ikkje er med i NATOs indre kretsar,da.

Kina har nettopp argumentert mot etableringa av den nye rakettbasen i Sør-Korea. Da svarar Vesten at han berre skal forsvare Sør-Korea mot Nord-Korea. Men kvifor ligg han ikkje da i Japanhavet? Og kvifor er han utstyrt med ein radar som rekk over nesten alle storbyane i Kina? Og svara på dei spørsmåla er ikkje ein gong det viktige. Det viktige er at basane er plassert inntil Russland sine grenser (og Kina sine). Dei kan sjølvsagt omgjerast til kva som helst på svært kort varsel! Det veit Russland (og Kina). Og DEI har grunn til å vere redde - fordi dei ser at NATO sine militære styrkar og basar har nærma seg grensene deira fælt den siste tida! Og veit at NATO har det ti-doble av deira eigen militære våpenstyrke. 

Eg spør NRK. Kva slags møl er dette, NRK? Når de ikkje ser faren med den enorme militære opprustninga NATO held på med (og som er mykje meir enn avskrekking). Når de ikkje ser dei trugsmåla NATO stadig kjem med. Når de ikkje ser at NATO stadig driv med regimeskifte i nabolanda til både Kina og Russland? Det er det som er mørketida! Ikkje at Russland og Kina over heile lina prøver å få Vesten til forhandlingsbordet og fornuft. De må begynne å SJÅ PÅ FAKTA, og iallfall begynne å vere viljuge til å ta dei opp til grundig og skikkeleg diskusjon, og med bidrag av faktaorienterte ekspertar frå alle sider i konfliktane.
Viss ikkje NRK skjerpar seg, er det svært sannsynleg at NRK kjem til å vere medskuldig, akkurat som Vestens MSM i mellomkrigstida, i ein ny krig mot Russland - den fjerde i rekkja av VESTENS krigar mot Russland.

1.mai 2017

Del denne siden