Sunndal kommune som viltforvaltar per 3. mars 2017

Dei aller fleste har konkludert med at Therese Johaug var uskuldig i dopingsaka som idretten har straffa henne for. Men idretten har innført eit system som ikkje straffar forvaltarane av systemet som har ansvaret for dopingtilfella, men straffar utøvaren/ofret i staden. Det same systemet er innført av viltforvaltninga i tilhøvet mellom dei og jegerane. Viltforvaltninga styrer etter reglar som gjer at jegeren alltid får skulda når noko går gale. Ja, det er nok at det finst mistanke om at noko er gale. Reglane er slik utforma at berre tvilen eller mistanken er nok til å straffe ein jeger.

Naturen oppfører seg nemleg ikkje slik  som viltforvaltninga har definert at naturen skal oppføre seg. Av og til oppfører ikkje naturen seg som forventa. Det er såleis fullt muleg å skyte eit dyr, trass i all muleg varsemd og bruk av avansert jegerkunnskap, som viser seg å vere eller kan vere eit anna dyr enn det som ein hadde fellingsløyve for. Men det bryr ikkje viltforvaltninga seg om. Dei straffar jegeren likevel, på same måten som om jegeren skulle ha felt det ulovlege viltet med vilje. Og viss jegeren er i tvil og let vere å melde denne tvilen, blir jegeren straffa som om han har prøvd å skjule ei feilskyting, sjølv om det ikkje er påvist at det var ei feilskyting.

Det finst døme på dette frå store delar av landet. Men det finst også døme på viltforvaltning som let nåde gå for rett. Viltforvaltninga er altså ikkje tvungen til å praktisere som ovanfor skildra. Men somme viltforvaltarar vel likevel dette. Utan nåde stemplar dei dei som har vorte lurt av naturen eller berre lurer på om dei har vorte det, som kjeltringar. Og ilegg dei same straff som dei som med vitande vilje eller i uvørskap har felt eit dyr som alle ville ha sett ikkje var eit slikt dyr som ein hadde fellingsløyve for. Sunndal kommune er ein slik viltforvaltar. 

Del denne siden