Høgre gjorde ifølgje artikkelen
https://www.nrk.no/norge/hoyre-med-ny-spiker-i-nynorskkisten-1.13419779
følgjande vedtak på landsmøtet sitt:
«Høyre vil redusere antall karakterer i norskfaget fra tre til to, én for muntlig og én for skriftlig norsk.»
Kva dette vedtaket skal bety konkret, er ukjent. Betyr det at nynorsk skal inn som del av vurderingsgrunnlaget for karakteren i bokmål hovudmål? Eller betyr det at nynorskkunnskap ikkje skal kunne krevjast? Landsmøtet gjorde dette vedtaket mot sine eigne på Vestlandet. Let landsmøtet seg forføre av statsrådsretorikken? Statsråd Røe Isaksen argumenterte:
«Men hvis man er opptatt av nynorskens ve og vel er det ingenting som tyder på at språkpolitikken de siste 30 årene har gitt flere nynorskbrukere. Dessuten er jeg redd for at vi hvert år utdanner 10.000 elever som ikke blir glade i nynorsk.»
Det er ikkje språkpolitikken som skal lære elevane norsk. Det er norskfaget. Statsråden har ein utprega UKLAR retorikk. Det er ikkje muleg å forstå kva han meiner med utsegna ovanfor. Men at språkpolitikken har vore ein katastrofe, er etter mi meining sant. For han har gått ut på å halde fram 100 % med å late bokmål kansellispråk dominere i det offentlege og i media. Svært mange av dei etatane i offentleg forvaltning som skal bruke nynorsk, gjer det ikkje. Og styresmaktene gjer minimalt for å rette på det. Og mange bokmålsbrukarar uttrykkjer seg no slik at det er umuleg å forstå dei. Orda deira svevar som tåkedottar i atmossfæren, langt ovanfor den røynda dei er meint å seie noko om.
Formuleringa «men viss man er opptatt av nynorskens ve og vel» ber dessutan bod om at statsråden iallfall ikkje er særleg oppteken av nynorskens ve og vel.
Statsråden argumenterer vidare:
«Dette handler om et viktig veivalg for norsk skole. Hvis man ser på hvordan sidemålsundervisningen fungerer i dag, og spør mange lærerne som har sidemålsundervisning, så vil man få en klar tilbakemelding: Dagens system er byråkratiserende, det fører ikke til at flere lærer seg nynorsk, og gir ikke mer språkglede. Det er ikke et spesielt vellykket system.»
Nei, norskfaget er for tida ikkje eit spesielt vellykka system. Men å sløyfe sidemålskarakteren vil i den samanhengen ikkje bety noko som helst. Kva meiner han da med utsegna «dette handler om et viktig veivalg for norsk skole». Det får vi ikkje vite noko om. Er det fordi han slett ikkje veit korleis? Eller fordi han verkeleg meiner at det å sløyfe denne karakteren er det viktige vegvalet?
Å sløyfe sidemålskarakteren har ein einaste funksjon: At elevane lærer enda mindre nynorsk. Og kva statsråden vil erstatte han med, høyrer vi ingenting om. Statsråden har aldri klart å ordleggje seg slik at vi forstår korleis han vil få til betre opplæring i nynorsk. Det betyr at han slett ikkje veit korleis det kan skje? Deltakinga hans i debatten på litteraturhuset om Knut Hoem sine utspel, viste også at han ikkje veit korleis vi skal få eit betre norskfag. Der tok han ganske utvetydig parti for instrumentalistane i norskfaget, dei som styrer det norskfaget han seier er eit dårleg system.