EIn god og ein dårleg artikkel om norskfaget
http://www.dagbladet.no/kultur/skolebarn-ma-bruke-et-livlost-sprak-om-boker-som-er-fulle-av-liv-klart-det-blir-brak/67363007
http://www.dagbladet.no/kultur/nar-ble-forskningsbasert-argumentasjon-en-hersketeknikk/67379865
Marte Blikstad-Balas skriv:
«For å få denne debatten over på et mer konstruktivt spor, må vi problematisere den grunnleggende sentimental-romantiske antagelse om at alle tekster, bare de er skjønnlitterære og gode nok, vil snakke direkte til en hvilken som helst leser. Gi en elev Knut Hamsuns «Victoria», og teksten vil åpne seg, eleven vil åpne seg, verden vil åpne seg og så kan vi kjenne litt på den felles referanserammen vi er en del av, hevder Hoem.
Som tekstforsker som studerer lesning vitenskapelig MÅ jeg bare si: Dette stemmer ikke! Som tidligere lærer MÅ jeg si: Ikke alle elever skjønner intuitivt hvor vakkert det er når Rolf Jacobsen står på konas grav og spør «Kjente jeg deg?». Ingen verk i seg selv når frem til alle uten videre. Språket Hoem går til krig mot prøver å åpne tekster for alle. Lesestrategier dreier seg faktisk ikke om å pugge navn på ulike typer strategier eller å fylle ut instrumentelle skjemaer i stedet for å oppleve litteratur. En slik praksis er det heller ingen som har forsvart.»
Her fjuskar førsteamanuensis Marte Blikstad-Balas. Det Hoem har bede skulen om, er å leggje hovudvekta på å LESE litteraturen, og ikkje leggje for stor vekt på å TEORETISERE han. Hoem har heller ikkje påstått at elevane AUTOMATISK vil tileigne seg teksten berre dei les han. Sjølvsagt ikkje. Mange elevar treng hjelp med ord og uttrykk og det historiske, samfunnsmesige og personlege grunnlaget for tekstene for å forstå dei og ta dei inn i seg. Og dei treng forskjellig hjelp. Og ikkje alle bør alltid lese dei same tekstene. Men den hjelpa må ikkje overdrivast, for da drep ein teksten og opplevinga. På litteraturdebattmøtet var dei ein elev som fortalte om si oppleving med «Vildanden» av Henrik Ibsen. Forstod ikkje artikkelforfattaren kva det var denne eleven formidla?
Eg høyrde nøye på debatten. Og eg må diverre gje Hobbelstad rett: Det vart frå førsteamanuensisen og ein lærar (med bidrag også frå statsråden) verkeleg bruka den hersketeknikken som Hobbelstad skriv om i artikkelen sin.
Marte Blikstad-Balas skriv vidare:
«Den (debatten) bør handle om hvordan norskfaget kan gi elevene det de trenger av tekstkompetanse – både muntlig og skriftlig, både knyttet til litteratur og til saktekster. Da må vi kunne snakke om lærerens rolle som bindeledd mellom teksten, eleven og verden.»
Her tek Marte Blikstad-Balas feil på ny. Norskfaget skal på lågare trinn, og neppe heller på høgare trinn, IKKJE handle først og framst om TEKSTKOMPETANSE. Det skal handle om LESEOPPLEVING og LESEINNLEVING og føre til samtalar og tankar om livet og samfunnet. Når det er gjort, er det også muleg å få med seg elevane på litt teoretisering om korleis teksten er skapt og korleis forfattaren vil ha oss til å lese og forstå han. Og læraren skal ikkje vere eit «bindeledd mellom teksten, eleven og verden». Læraren skal sjå til at eleven opplever verda og seg sjølv gjennom teksten!
Dette betyr sjølvsagt ikkje at eg ser på forskinga til Marte Blikstad-Balas eller tekstkompetanse som verdilause bidrag. Men ikkje noko menneske kan leve på formalkunnskap. Formalkunnskap veg ikkje opp for korkje grauten eller saltet, sukkeret eller kanelen og smørauget. Formalkunnskapen er berre tallerkenen!
Og korleis tallerkenen ser ut, har lite å seie. Han er mest til nytte først når du sjølv skal skrive eller analysere tekster. Det er berre slik at dei aller fleste elevane slett ikkje har tenkt å bli tekstprodusentar med det første. Og den store mengda av dei møter slike krav berre når dei er i ferd med å skaffe seg eit yrke.
Og Knut Hoem har rett: Engasjement, ikkje kompetanse, er nøkkelen i all læring! Fell engasjementet bort, døyr læringa.