28 februar 2017. Frå debatt om norskfaget på NRK Ytring

Knut Hoem skriv først og framst om ungdomsskulen. Og der har litteraturhistoria stort sett forsvunne. Litteraturhistoria skal ikkje overdrivast, men eg har gode erfaringar med den metodikken Hoem skisserer for litteraturhistorisk gjennomgang: Gjennom tekster tilpassa elevane. Og det er ikkje den litterturhistoriske kunnskapen Hoem etterlyser, men tekster som tenner elevane.

Eg meiner at lesing av god litteratur er minst like viktig på vidaregåande som på ungdomstrinnet og i barneskulen, men pensumet bør ikkje vere det same eller likt på yrkeslinene og allmenn. Dessutan meiner eg at samordninga mellom lærestoffet i ungdomsskulen og på vidaregåande har vore alt for dårleg. Mange av elevane mine klaga over at dei fekk det same oppatt når dei begynte på vidaregåande.

Elevane er svært forskjellige som du seier, og ein må jo prøve å nå alle med det som utviklar dei. Men viss ein steller seg slik at faget blir kjedeleg for elevane, har ein tapt. Det er behov for meir gulrot enn pisk. Det må vere klare krav til yting, men viss pisken blir hovudelementet for å skape engasjement og interesse i faget, går det gale. Det er difor avgjerande at ein legg opp faget slik at ein opplever at elevane er MED. Det vil IKKJE seie at ein må gje etter for det som er populært. Ein må finne stoff og måtar å presentere det på som gjer at elevane tenner, men som likevel tilfredsstiller kunnskapsmål og språkleg utvikling.

Og etter mi meining er det viktig at kjernen i litteraturpensum er nokolunde likt for alle skular av same slag. Og at dette utvalet er kvalitetssikra i den forstand at ein til eitkvart tidspunkt veit at det engasjerer og utviklar elevane. Det betyr ikkje at heile pensum bør vere likt. Ein del av pensum bør læraren og elevane bestemme sjølv.

Då tekstkompetansen kom inn som eigen disiplin i norskfaget, hugsar eg at ein al førelesarane frå høgskule/universitetshald påstod at vi ikkje trong å ha eit pensum. Det var likegyldig kva for tekster vi brukte, berre elevane fekk tekskompetansen. Eg hevda imot at elevane må ha eit fast pensum, eit klart mål, og som var interessant nok til å engasjere dei. (Jamfør ovanfor om at skulen i gamle dagar la vekt på attforteljingar av det elevane hadde lese. Og dette at elevane treng noko konkret å bryne seg på, gjeld både på det banale og på det eksistensielle plan). Og at det gjennom eit slikt fast pensumt kan puttast inn litt om tekstkompetanse, avhengig av nivå. Eg vart "sett grundig på plass"! Eit par år etter møtte eg same førelesaren. Da sa han at eg hadde hatt rett. Elevane må ha eit konkret innhald om og frå det konkrete livet å bryne seg på. Svevande, abstrakte begrep er ikkje mat for nokon. Heller ikkje vi vaksne lever lenge på det, sjølv om svært mange i dag låst som dei gjer det.
Eg er elles ikkje framand for at det er positivt å vere litt ueinige. Og så får vi heller la elevane (praksis) avgjere kva som er mest rett. Det vil truleg likevel ikkje vere mest rett for ALLE. For alle elevar (menneske) er ulike. Men når eleven si interesse for norskfaget døyr, har norskfaget tapt.
Det gjeld også for den delen av faget som heiter nynorsk. Norskfaget er trass alt først og framst interessen for orda og kva dei betyr.

Del denne siden