19. jan, 2017
Trude (dvs veterinær Trude Mostue på Facebook) er altså overraska og fornærma over kommentarar ho har fått på nynorskutspelet sitt. Eg har ikkje lese alle kommentarane, men eg likar prinsippielt ikkje at ho har vorte angripen usakleg. Men eg skjønar at ho blir det, for når ein sjølv brukar uttrykk som "Helvetes Nynorsk" når ein innleier til debatt om nynorsk, MÅ ein sjølvsagt vente seg litt av kvart. Eg synest det er heilt ok at Trude reiser ein debatt om inntakskriterium til Veterinærhøgskulen. Eg meiner sjølv at språklege inntakskriterium ikkje da burde vege tyngst. Men det er ikkje logisk forklarleg å gå til åtak på nynorsken ut frå det. Det er styresmaktene som styrer med inntakskriterium, ikkje nynorsken. Det er altså styresmaktene ho må gå til åtak på om ho vil vere sakleg i denne samanhengen, ikkje nynorsken. Eg har vore lærar i norsk, og elskar nynorsk og bokmål, men eg har mange gonger tilrådd at elevar slepp undervisning og karakter i nynorsk. Og grunngjevinga mi har alltid vore at dei har hatt så store språklege vanskar (dysleksi o.a.) at dei har hatt nok med å tileigne seg hovudmålet på det stadiet dei var. Eg har mange gonger tilrådd at dei slepp engelsk og, med same grunngjeving. Eg synest og at det er dumt at Trude vert angripen for språket sitt. Språket hennar er ikkje korrekt, men ho får fram meininga sine klart nok, og det bør vi vere nøgde med. Men viss vi er nøgde med det, bør ho og skjøne at ho bør vise nynorskbrukarar meir respekt. Ein kan ikkje skjøna det norske samfunnet fullt ut utan å respektere nynorsken og vere villig til å tileigne seg litteratur og dokument på nynorsk. Sjølv om ein kan vere den fremste av veterinærar utan. Med si haldning ekskluderer Trude nynorskbrukarar frå det norske samfunnet og plasserer dei i utanforskap. Det er ei klar diskriminerande haldning. Kvifor gjer ho det? Eg har ein mistanke om at det er inspirert av det siste påfunnet til Høgre med åtaket på sidemålsundervisninga (som er eit reint stemmesankingsutspel). Men eg ventar likevel at Trude tenkjer over det første utspelet sitt, og kanskje legg seg på eit noko anna spor i framhaldet av nynorskdebatten.