Høgre og programforslag

22. jan, 2017

HØGRE eller HØYRE som dei helst vil bli skrive, har vedteke, til og med med sjølvaste «kunnskapsmininisteren» som eksekutør, at sidemålsstilen (i nynorsk først og fremst) skal fjernast. Dette er ikkje nytt. Delar av dette partiet driv på med dette heile tida, som om ikkje noko kunne vere viktigare i verda. Det kjem sjølvsagt av at dette er restar etter den konservative embetsstanden som i si tid prøvde å hindre all demokratisering av Norge, og som smelta saman med den rikaste delen av forretningsstanden. Denne folkegruppa åtte nesten alt av media, og dei hadde utdanning som sikra dei mesteparten av byråkratiet og kontroll med statsapparatet. I denne posisjonen dreiv dei med hard undertrykking av og utbytting av alle andre grupper i Norge. Dei fekk eit skot for baugen da først bonderørsla og seinare arbeidarrørsla sørgde for at andre grupper også vart ein del av demokratiet. Men dei gav ikkjje opp for det. I våre dagar har dei gjenerobra store deler av Det norske regimet=dei som har makt og betyr noko i Norge slik media og leiarane vil det. Og dei fører i dag ein politikk som gjer større og større delar av det norske folket, unnateke dei sjølv og dei dei har i si teneste, til eigedomslause, umælande kjøpesentekonsumentar utan rettar og motstandskraft.

Ein del av denne folkegruppa er optekne av språk. Dei har arbeidd for og arbeider hardt for at språket deira, «den dannede dagligtale» frå 1800-talet=det språket byelitane i Norge tala, skal vere det norske språket – også skriftleg. Skriftspråkleg arbeider dei med alle midlar for riksmål, dansk slik det var utforma før Knut Knudsen, og for konservativt moderat bokmål, slik det er elska av Finn Erik Vinje.

Nynorsk sidemål som skriftleg eksamen i ungdomsskule og vidaregåande er per dato fokus i det som dei ønskjer å ta knekken på. For det nynorske skriftspråket har i lang tid påverka bokmål skriftspråk. (At det omvendte har skjedd i mykje større grad, nemner dei ikkje). Og det vil ikkje denne gruppa ha noko av. For det gjer at dei må sjå på sitt eige språk som litt på sidelina. Og det tåler dei ikkje. Språket deira skal vere det genuint norske, basta. Difor hevdar dei at det å lære nynorsk skriftspråk er spesielt vanskeleg.  At bokmål er like vanskeleg å lære (eigentleg er det eit hakk vanskelegare), og at engelsk er mykje vanskelegare, nemner dei sjølvsagt ikkje. I staden driv dei med all slags undergravingsarbeid for å nå målet sitt. Dei mobiliserer ungdom og foreldre som vil ha det lettast muleg i skulen. Dei mobiliserer folk med språkvanskar og skuvar dei framfor seg. Dei mobiliserer lærarar som meiner det same som dei sjølve, men som offentleg går ut og hevdar at dei eigentleg er glade i nynorsk og dialektar, men at dei ikkje utstår motstanden lenger. Dei argumenterer med at vi ikkje har tid til å bry oss med nynorsk, fordi det er så mykje viktigare ting å lære, utan at dei er i stand til å seie noko om kva som er viktigare enn norsk kultur og språk (det er svært forunderleg at den same gruppa ofte er dei som skrik høgast om at vi må ta vare på det norske). All denne argumentasjonen utan omsyn til kva språkvitskapen seier om språkopplæring: All vitskap om språkopplæring tilseier nemleg at dei som lærer fleire språk også er dei som blir flinkast i morsmålet sitt, både muntleg og skriftleg.

Det er truleg sant som mange seier at språkkompetansen i Norge ikkje er høg nok når det gjeld skriftleg bokmål. Men det skuldast sjølvsagt korkje nynorsk eller noko anna. Det skuldast sjølvsagt at det ikkje blir brukt nok tid i skulen, frå barneskule til høgskulenivå, til å utvikle skriftspråket sitt. Litt nynorskkunnskap skjerpar den evnen. Det viser også språkvitskapen!

Denne gruppa sine uendelege åtak på nynorsk, norske dialektar og norsk kultur er utåleleg og kunnskapslaus. Dei bør snu om og arbeide for betre språkopplæring i skulen i staden.

Denne teksta vart nekta teken inn på NRK Ytring den 23. januar 2017 med den grunngjevinga at dei hadde mange tekster

Del denne siden