Riksmålsforbundet, norsklektorar og nynorsk sidemål
1. februar 2017
Tysdag 31. januar er norsklektor og medlem i Riksmålsforbundet Anelin Strømholm på plass i Romsdals Budstikke med ein lang artikkel om nynorsk sidemål. I tillegg til å spreie litt avsky mot lærarar og språkinteresserte som ikkje meiner som ho sjølv, så gjev ho ein tilstandsrapport om språktilstanden i norsk skule og blant ungdommen slik ho ser han med eigne auge. «Rapporten» er nok meir sjølvsyn enn realitet. Ho har sjølvsagt rett i at mange elevar ikkje skriv så godt. Det ho ikkje nemner, er at dei heller ikkje er så veldig flinke til å skrive bokmål. Høgskular og universitet klagar dessutan mykje på at studentane ikkje er så flinke til å lese og forstå dei tekstene dei skal tileigne seg. Men dette passar ikkje så godt inn i forteljinga om at nynorsken skal ut, sjølvsagt! For det fortel at det ikkje er nynorsken som har skulda, men at noko anna må vere gale med opplæringa.
Den tilstanden Anelin Strømholm skildrar, er først og fremst resultatet av eit misbrukt norskfag og aukande mangel på leseopplæring. Lesing må vere det sentrale i norskfaget viss det skal gje auka språkmeistring. (Det er og ein føresetnad for å kunne tileigne seg norsk kultur. Så dei som ikkje lærer seg å lese på denne måten, vil også ha lite innsikt i norsk kultur. Men dette aspektet skal eg la liggje her.) Og det må drivast ei leseopplæring som har forståing og oppleving som mål. Eg opplevde denne utviklinga sjølv, frå ei tid da elvane hadde få problem med å tileigne seg tekster, til ei tid da dei hadde store vanskar med å tileigne seg dei same tekstene. I same perioden vart det veldig populært at elevane IKKJE skule lese tekster som var utfordrande språkleg. Tekstene skulle vere lette og enkle. I same perioden vart det meir og meir vanleg at barna prioriterte skjermane framfor lesing.
Til slutt gjekk alarmen. Ein oppdaga at lesedugleiken hadde sokke til eit så lågt nivå at elevane ikkje lenger forstod fagstoffet i andre fag. Da vart det sett inn tiltak for å auke lesedugleiken. Og det har hjelpt, men norskfaget er i så måte slett ikkje på plass enda. For kort tid sidan vart det ein hissig debatt i media etter at Knut Hoem gjekk ut på vegner av sonen, som hadde mista interessen for norskfaget etter at han begynte i ungdomsskulen. Knut Hoem meinte det skuldast at norskfaget ikkje lenger handla om å lese, oppleve og forstå, men var redusert til eit reiskapsfag der elevane skulle tileigne seg upresise og uforståelege ord om kommunikasjon og tekstlære. Ei mengd norsklærarar med same bakgrunn og opplæring som Anelin Strømholm, gjekk til angrep på Knut Hoem. Men like mange tok han i forsvar.
Og Knut Hoem har rett. Norskfaget er omgjort frå eit fag med språkoppleving som kjerne, til eit fag med formalkunnskap om kommunikasjon og tekstlære som kjerne. Og her har Ludvigsen-utvalet, som Anelin Strømholm nemner, heilt rett. Fagplanane er for vide! Stadig større delar av pensumet på høgare trinn har vorte pressa nedover på elevar som skal ha ei heilt anna opplæring! Og det gjeld alle fag. Dermed lærer dei ikkje å forstå tekster av alle slag, som må vere hovudmålet for norskfaget. Og viss det var på plass, ville nok skrivedugleiken kome etter ganske raskt, saman med kulturell innsikt. Og det vesle tilhøvet bokmålselevar har til skriftleg nynorsk sidemål, har inga forklaringskraft når det gjeld denne problematikken.