Regjeringa skal til Kina og leggje grunnlaget for ein ny start. For å få til det, måtte dei innrømme at dei kanskje hadde oppført seg noko hoverande når dei sørgde for at Liu Shao-bo i si tid fekk fredsprisen.
Da kjem dei stormande fram alle dei som meiner dei er så mykje betre på menneskerettar enn alle andre, og særleg så mykje betre enn Kina og Russland: Solhjell, Færøvik, Amnesty og Stanghelle. Og dei skuvar da Hu Jia, som Petter Svaar har leita fram, framfor seg.
Det er sjølvsagt rett at både Kina og Russland har store manglar på mange område enda når det gjeld menneskerettar. Større enn Vesten kanskje, enda slikt er svært vanskeleg å vege. Men Vesten sine manglar er ikkje så små dei heller, når ein ser ordentleg etter.
Vest-Europa og USA var så heldige at dei kunne starte arbeidet med menneskerattar for over 200 år sidan. Det skulle berre mangle at dei ikkje var betre på mange område enn dei fleste. Likevel har dei falle i grøfta mange gonger: I fordrivinga av indianarane, i handsaminga av dei ikkje-kvite, i jøde-forfølgjing, i to verdskrigar med drap og terror, i Vietnamkrigen, i herjingane i Midt-Austen, i Ukraina, og mykje meir.
Russland hadde ikkje høve til å starte si utvikling mot betre menneskerattar før 1917, mykje over 100 år seinare. Og frå første stund var dei overfalle av militære styrkar som skulle hindre dei i dette, så eigentleg var dei ikkje i stand til å ta særleg fatt som eit krigsherja og øydelagt land før 30 år seinare. Og da mobiliserte Vesten på nytt og hindra dei i dette i stor grad. Likevel har Russland no klart å utrette på ganske kort tid det som Vesten har bruka over 200 år på.
Kina var eit av dei verst stilte landa i verda heilt fram til 1950 og krigsherja og øydelagd i tillegg. Og Vesten mobiliserte det dei kunne for å halde dei der. Likevel har Kina i løpet av 70 år klart å heve seg opp på eit anstendig nivå.
Men det skal ein helst ikkje seie, og iallfall ikkje skryte av. Og iallfall ikkje seie noko positivt om dei som har fått det til. Nei det gjeld å framheve manglane. Og somme er så opptekne av manglar hos andre at dei ikkje ser manglane hos seg sjølv. Solhjell, Færøvik, Amnesty, Stanghelle og andre synest klart å vere av den siste kategorien.
For kva har desse utretta når det gjeld manglane hos seg sjølv? Når det gjeld Chelsea Manning, Assage og Snowden? Når det gjeld diskriminering i eigne land? Når det gjeld ulovleg og umoralsk bombing av andre land og samfunn? Når det gjeld handsaming av flyktningar og barna deira.
I motsetnad til mange andre har dei som er nemnde ovanfor utretta litt. Men det er svært langt att enda før dei har feid for eiga dør. Sjølvsagt skal dei ha rett til å seie frå om det dei trur er gale. Men å heve den moralske peikefingeren sin og fordøme andre har dei ingen rett til så lenge dei ikkje har slåss som løver mot den uretten som er midt blant dei. Og det har dei ikkje!
Sjølvsagt set eg pris på at Hu Jia slåss for meir indviduelle rettar i Kina. At han let seg bruke av Peter Svaar i den kampen, trur eg ikkje automatisk tener saka hans. Men det overlet eg til han sjølv å finne ut av. Eitt er eg derimot ganske sikker på: Hu Jia har det truleg atskillig betre enn alle dei fattigaste som enda finst i Kina. Dei har nok ikkje så mange andre individuelle rettar dei kan handheve enda. Rett og slett fordi dei er fattige og har eit liv som stort sett består av hardt arbeid.
Eg var i si tid så heldig at eg kunne opphalde meg i Kina i over 1 månad i 1971. For at eg skulle lære om Kina. Og eg lærte mykje. At folket framleis var fattige, men hadde framtidstru og var på veg oppover og framover. Men eg lærte og noko som eg ikkje hadde trudd eg skulle lære: At skilnaden mellom folk var mykje, mykje større enn eg nokon gong hadde opplevd eller innsett at han var eller hadde vore i Norge. Skilnaden mellom ein jordeigarfamilie i Kina, skilnaden mellom styrande og styrt, hadde i Kina vore hundre gonger større enn i Norge. Til dags dato har slike gamle skilnader også overlevd i Norge heilt fram til vår tid. Dei er rett nok bortgøymd og ikkje allment godteke. Men dei finst for dei som vil sjå dei. Ikkje minst i den forakten for vanlege folk som vi ser dagleg praktisert i media. Og så forlangar ein at folk som framleis er lutfattige og berre i kort tid har hatt høve til å tenkje annleis skal vere komne like langt! Det er kunnskapslaust! Det er dumt! Og det er arrogant!
3.april 2017