Da Norge stilte med militære styrkar i Afghanistan, var det delvis ei venneteneste til USA, men og i delvis tru på at ein kunne vere med å skape eit betre Afghanistan. Men da Norge sende ei soldatgruppe til Jordan for å lære opp syriske opprørar, har grunngjevinga vorte einast og åleine at det er ei venneteneste til USA.
Kor lenge og i kor stort omfang skal norsk ungdom bli sendt utanlands til utanlandske krigstenester? Kor lang tid skal det gå før norsk ungdom blir underlagt utanlandsk kommando i angrepskrig og velvillig sendt dit av norske styresmakter?
Trump gav det inntrykk i valkampen at han ikkje ville ha meir krig. Men målet hans å gjere USA «great again». Men det var heilt uklart kva han meinte med dette. No går han inn for stor auke i militærbudsjetta, og reint faktisk er utanrikspolitikken hans omtrent den same som før. Det einaste verkeleg nye er at han enda hardare enn Obama pressar Europa til å auke militærbudsjetta. Argumentasjonen har vore at Europa må ta meir av militærutgiftene sjølv, men SAMTIDIG med dette AUKAR Trump utplasseringa av soldatar i Europa og Midt-Austen I TILLEGG til den auken Obama stod for (og som Norge var med på med norske soldatar).
USA har IKKJE gått inn for eller tala positivt om dei forhandlingane som no noko vaklande er i gang mellom Russland, Iran, Tyrkia, Syria og opprørarar i Syria. USA held fram med å gå sin EIGEN veg. Og det er heilt klart at målsetjinga er å spele ei avgjerande rolle i kva som skal skje med dei områda som per dato er kontrollert av IS i Irak, Syria, og i dei kurdiske områda (både i Syria, Tyrkia og Irak) i kamp med IS. USA har med eigne ord framleis heilt EIGNE planer for Midt-Austen. Ukjende planer. Hemmeleghaldne planer.
Det har heller ikkje kome noko signal om at Trump vil endre politikken i Ukraina. Fiendtleg tale mot Russland og Putin, og bombing av russisktalande folk i Ukraina, er framleis hovudtrenden.
Dette skjer utan at VESTEN talar mot meir krig. Dei talar mot at Russland forsvarar Syria (enda Syria heilt lovleg har bede om slik hjelp, akkurat på same måten som Norge heilt lovleg ville be om amerikansk hjelp om vi blei angripne av Russland). Dei tala svært høgt om kor omsynslaus Russland og Syria var i kampen om makta i Aleppo. Men når Vesten sjølv krigar om makta i Mosul med enda meir omsynslause metodar, da kjem det ingen kritikk. Når Vesten sjølv krigar lovlaust på andre sine territorium, da kjem det ingen kritikk.
Kor lenge trur Vesten andre let seg lure av slik dobbeltmoral? Kor lenge skal Norge opptre med slik dobbeltmoral? Heilt til norsk ungdom blir ofra i ein ny storkrig?
Det er på tide at folk i Norge begynner å stille seg spørsmål om korleis dei vil unngå at barna deira blir ofra i ein ny storkrig. Og dette er ikkje eit spørsmål for dei som ivrig let seg rekruttere til militær kamp. Det er eit spørsmål til dei som sit att heime, mor, far, sysken, vener og slektningar. Dei som sit att heime og tek imot dødsmeldingane frå styresmaktene.
Det er på tide at det norske folket begynner å stille sprørsmål om korleis ein skal oppnå fred og nedrustning, og konfronterer styresmaktene sine med det dei kjem fram til!
2. april 2017