Frå Brummundal til Jens Stoltenberg og Erna Solberg

I Brummundal utvikla det seg ein gong i tida til valdeleg konfrontasjon mellom ei gruppe ungdom som gjekk laus på ein familie frå Vietnam som var busett der. Somme av desse utstyrte seg til og med nazisymbol. Ein gjeng yngre brushovud banka ein kveld opp den eldre familiefaren frå Vietnam da han var ute og lufta hunden. Men da skjønte fornuftige hovud mellom ungdommane at dei hadde passert ein strek: At ein gjeng ungdom skal banke opp ein gamal, fredeleg mann som luftar hunden sin om kvelden, høyrer ikkje med blant framferd som ein skal akseptere. Og da Arne Myrdal seinare kom til Brummundal for å skaffe seg tilhengjarar og lage enda kvassare frontar, snudde brummundølingane ryggen til han. Dei hadde skjønt at ungdommane som banka opp ein fredeleg gamal mann, hadde valt feil. Dei hadde med det passert ei grense, som ein ikkje skal tillate seg å passere.

Leiarane i Norge har ikkje den evna som brummundølane hadde. Dei evnar ikkje å sjå den grensa som brummundølane let vere å passere. Norske leiarar bør skjøne at Norge ikkje skal sende bombefly som tek livet av sivilbefolkninga i andre land. Men den grensa passerte dei med å sende bombefly til Libya som tok livet av tusentals sivile. Dei passerte grensa på nytt ved å vere med å arrangere borgarkrigen i Syria, samarbeide med jihadistar og hjelpe til å utstyre dei. Dei har gjort seg medskyldige i ei mengd terrorhandlingar, utanomrettslege avrettingar og enorme flyktningestraumar. Dei har passert grensa på nytt ved ikkje å ta avstand frå drapa gjennomført av kuppmakarane i Kiev, og ved å støtte og finansiere den stadige bombinga av Donbass-området.

Leiarane i Norge har passert grensa for kva som kan tillatast mange gonger, og dei maktar ikkje å ta oppgjer med seg sjølv. Dei snakkar ikkje om det dei har vore med på og er med på. Dei skjuler det. Og dei let vere å seie frå til allianspartnarane sine om at dei har passert grensene for det som kan tillatast eit utal gonger. I staden unnskylder dei dei så godt dei kan.

Og det norske folket har enda ikkje klart å gjere som brummundølane gjorde. Det norske folket ser heller ikkje dei grensene som ikkje skal passerast. Dei let desse leiarane, som har passert den raude streken gong på gong, halde fram. Da er det ikkje så langt att til det faktum at det norske folket snart vil finne seg sjølv att der brummundølane kunne ha endt om dei ikkje hadde sett streken.

28.mars 2017

Del denne siden