A.1.verdskrig var ein krig om kven av stormaktene som skulle ha det største koloniveldet i verda av stormaktene Storbritannia, Frankrike og Tyskland. USA, Tsar-Russland og Japan deltok i same konkurransen, om ikkje på heilt same måten. Ein omfattande krigsrus tok taket på folket og leiarane i Europa og skapte ein katastrofe som verda aldri hadde sett maken til.
B.2.verdskrig var ein krig om Tyskland og Japan skulle få herredømmet i verda. Krigsrusen tok dei, og det var med naud og neppe dei vart slegne. Dei viktigaste bidraga for sigeren kom frå Sovjetunionen, Kina og USA, men mange andre bidrog og.
C.3. verdskrig kjem kanskje. Snart eller seinare. For USA med NATO har set seg som mål å dominere verda. Det begynte så smått dat den kalde krigen vart avblåst og Sovjetunionen vart nedlagt. USA og NATO har kunngjort denne målsetjinga i store og tunge dokument, og Jens Stoltenberg har opent erklært denne målsetjinga ved å erklære at Russland og Kina skal haldast nede. Påskotet for denne dominansen har dei funne i ordet demokrati. Med dette ordet som argument meiner dei at dei har retten til å ta frå andre land deira rett til å utvikle sine eigne samfunn på eigne premissar. Å tenkje at du har rett til å ta frå andre deira rett til å skape det samfunnet dei vil for seg sjølv, var akkurat det Tyskland og Japan prøvde på i 2.verdskrig, og det stormaktene sloss om i 1.verdskrig.
Og no vil altså USA/NATO ta frå Russland og Kina retten til å utvikle sine samfunn slik dei sjølv bestemmer seg for å gjere. Og dei prøver å presse alle land i verda inn på si side, akkurat som aggressorane gjorde før 1. og 2. verdskrig. Brennpunktet no er Ukraina, som USA/NATO brukar til å føre ein lokal krig mot Russland. Men Russland og Kina har alt erklært at dei ikkje finn seg i denne politikken frå USA/NATO. Grunnlaget for 3.verdskrig er altså til stades. Dei fleste landa i Asia og Afrika, og mange i Latin-Amerika vil ikkje ha noko av desse planene til USA/NATO, men USA/NATO held utan stans med på å utvikle motsetningane vidare. Dess verre motsetningane blir, dess fortare kan 3. verdskrig vere i gang. 1. verdskrig kom i gang fordi ein hertug vart skoten i Sarajevo. For da var motsetningane så store at stormaktene valde å utløyse krigen. 2.verdskrig starta fordi dei som kunne ha stansa han, ikkje ville. Dei ville ikkje bli einige om å stanse Tysklands aggresjon.
Den krigsrusen vi no ser i Vesten, er farleg. For går USA/NATO for langt, kan dei ha starta krigen før dei veit ordet av det. Krig skal IKKJE vere noko NOKON ønskjer seg. Men no har USA/NATO starta krigar i over 30 år. Og det ser ikkje ut til at dei vil halde opp med det. Og store delar av folket i Vesten vil ha krig. Dei sender umåtelege mengder våpen til Ukraina, trenar soldatane deira på eiga jord og finansierer Ukrainas krig. Dei har angripe Russland og Kina direkte med sanksjonar, og mange ønskjer alt at USA/NATO skal slå til direkte. Og verda blir fattigare og fattigare, klimaproblemet blir verre og artskrisa aukar så lenge dette held på.