Oberstløytnant Geir Hågen Karlsen - propagandist

Oberstløytnant Geir Hågen Karlsen ved Forsvarets stabsskole (og spesialist i strategisk kommunikasjon=Fake news=propaganda) skreiv i ein artikkel i Minerva følgjande 17 Aug 2016:

«Ti år før Putins uttalelse (i 2004 om at de svake får bank - min tilf) gav Ukraina opp sine atomvåpen, og Russland garanterte landets sikkerhet og territorielle integritet. Ti år etter uttalelsen invaderte og annekterte Russland Krim, og fører fortsatt krig. Ukraina var svakt.»

Dette er sjølvsagt «Fake news» og historieforfalskning av enorme dimensjonar. For han hoppar elegant over at NATO i mellomtida har sørgd for å nærme seg Russlands grenser overalt med våpensystem klare til angrep. Og han hoppar elegant over at NATO i mellomtida har gjennomført eit kupp i Ukraina og sørgd for at NATO kan gjere med Ukraina akkurat det dei ønskjer. NATO hadde med kuppet i Ukraina sjølvsagt håpa på ei utvikling der dei kunne leggje grunnlaget for å stengje Russland ute fra Svartehavet. Men den russiske Krimbefolkninga ville det altså annleis og sørgde for å slutte seg til Russland før kuppregjeringa var i stand til å sørgje for det motsette.

Oberstløytnanten fortset:

«President Putin har stor støtte internt i Russland. Han overtok etter et kaotisk 90-tall, skapte stabilitet, respekt fra omverden og, takket være høye råvarepriser, stadig økt velstand. Samfunnskontrakten var enkel, presidenten sikret stabilitet og velstand, og folket holdt seg unna politikken. Implisitt aksepterte de korrupsjon og manglende demokrati. Etter invasjonen i Ukraina, sviktende oljepris, sanksjoner og stagnerende økonomi er ikke kontrakten lenger mulig.»

Det var Vesten som skapte det Russland som oberstløytnanten her akildrar fram til Putin. Også inkludert korrupsjon og manglande demokrati, sjølv om dette også har djupare historiske og faktiske røter. Men vi kan la det liggje, for skildringa er i hovudsak rett. Det interessante her er derimot oberstløytnanten spår Putins fall fordi Russland vil bli ruinert under NATOs sanksjonspolitikk, og fortset:

«Pengestrømmen erstattes nå av nasjonalisme, aggresjon og ikke minst etableringen av fiendebildet, et Russland omringet av trusler. Triumferende og ofte aggressiv nasjonalisme er et farlig vesen som må vedlikeholdes. Når nasjonaleuforien over Krim svinner, Syria går fra TV-underholdning til langdryg krig, og økonomien faller, blir det lett behov for nye konfrontasjoner og styrkedemonstrasjoner. (Oberstløytnanten held fram med utbrodering av teorien sin i 4 avsnitt til).»

Det må vere eit stort problem for oberstløytnanten at Russland har halde seg i ro, trass i stadig nye provokasjonar, og at populariteten til Putin er uforandra.

Og han fortset med enda meir historieforfalskning:

«Det var ikke først og fremst NATO, og EU, som ekspanderte østover, det var Russlands nære som deserterte så fort de fikk muligheten. De valgte demokrati, økonomisk vekst og europeiske verdier fremfor Russland. Selv land i Sentral-Asia, hvor Russland fortsatt har betydelig attraksjonsmakt, diversifiserer nå mot Kina, Iran og Tyrkia, og samarbeider mer og mer med EU. Med stadige trusler gjør Russland også sitt beste for å øke NATO-oppslutningen i Sverige og Finland.»

Sanninga er at NATO arbeidde planmessig for å ekspandere austover heilt fra den augneblinken Gorbatsjov hadde underskrive dokumenta som forplikta Sovjetunionen til å avblåse Den kalde krigen. Dei var på plass fra første augenblink med støtte til stadig meir ultranasjonale krefter i aust. I slik grad at vi no har fått halvfascistiske regime i heile Aust-Europa. Ja, i slik grad at NATO reint faktisk støttar ny-nazistar. Og I Sverige og Finland er det ikkje befolkninga som har drive fram pro-NATO-haldningar: Det er høgreparti og offiserar.

Artig å legge merke til at oberstløytnanten skildrar Russland som om han framleis har med Sovjetunionen å gjere. Og at han beskriv aukande samhandel med Kina, Tyrkia, Iran og EU som søking etter demokrati. NATO-undersåtter vrir og vrengjer på mangt for å få ting til å passe med sin aggresjon mot Russland!

Oberstløytnanten fortset:

«Det gjentas ofte feilaktig at Vesten lurte Russland og gav lovnader om ikke å utvide østover. Ved forhandlingene om gjenforening av Tyskland i 1990 ble ikke saken diskutert i det hele tatt, og det ble ikke gitt noen lovnader. Tidligere president Gorbatsjov har selv erkjent dette

Her viser oberstløytnanten til ein artikkel som eigentleg viser det motsette av det han sjølv seier. Noko Gorbatsjov har vore i Europa fleire gonger og sagt offentleg utan att ein einaste NATO-lakei har kunna tilbakevise Gorbatsjovs oppfatning av kva NATO verkeleg lovte. Men Gorbatsjov gjorde ein kardinalfeil, og det har han sjølv også sagt offentleg: Han hadde tillit til NATO. Noko han ikkje skulle ha hatt: Han burde ha sørgd for at lovnadene kom på papiret, og at Krim blei tilbakeført til Russland som det russiske territorium det eigentleg var.

Oberstløytnanten argumenterer vidare med at Norge ikkje kan true Russland. Den argumentasjonen høyrer sjølvsagt heime i barnehagen. Og sanninga er jo at vi nå legg om det norske forsvaret til angrepsfasilitetar til bruk for NATO-angrep, og ikke til forsvar av norsk territorium. Og NATO har sjølvsagt aldri tenkt å forsvare Baltikum. Fordi det rett og slett ikkje er muleg. Men det gjeld å oppretthalde spenninga i området slik at NATO kan fortsette deiaggressive utspela sine.

Og så fortset oberstløytnanten historieforfalskninga med å påstå at Russland har angripe Ukraina. Det har han ikkje dekning for. Det er NATOs versjon av overfallet på russarane i Donbass og russisk hjelp til desse, og desse provinsane sin rett til å forvalte eigen region.

«Vi bør selvfølgelig fortsette diplomatisk dialog» skriv oberstløytnanten. Ja, heilt til NATO er klar til å gå til åtak på Russland, er nok det han eigentleg meiner. Han føyer rett nok til at han vil forsvare Nord-Noreg. Men det ligg IKKJE i dei noverande forsvarskorta. Tvert imot: NATO ser ut til å tru at det aldri vil skje, og at det norske forsvaret skal brukast til å angripe ubåtar og skip i havet og foreta bombetokter langt inne på russisk territorium i tråd med amerikanske generalars våte draumar.

Oberstløytnanten held fram:

«NATO-toppmøtet i Warszawa i juni var krystallklart på satsing på avskrekking og kollektivt forsvar. Det er det motsatte av beroligelse, og Russland vil oppleve seg som geopolitisk taper, men det er dessverre en nødvendig konsekvens av deres opptreden.»

Og her slapp oberstløytnanten katta ut av sekken. Det er eit mål for oberstløytnanten å isolere Russland. Og det stemmer godt med det som ein veit: NATOs mål er å oydeleggje Russland som eit samfunn som har råderett over seg sjølv. Det er NATO som skal ha råderetten, over alt i verda! NATO har overteke Hitlers plan for verda. Og det vil liggje milliardar av lik att i sporet av denne plana. Og det har begynt i Midt-Austen, Vest-Asia pg Nordlege Afrika. Og så smått i Ukraina.