Krigshissaren1 02 mars 2017

NRK radio P2 Nyheitslunsj hadde i dag eit innslag med utgangspunkt i at Sverige skal innføre allmenn verneplikt. Eg har ikkje noko imot at Sverige innfører allmenn verneplikt, men tvilar sterkt på nytten. Minst muleg av eit lands ressursar bør gå til militær sektor! Militær sektor er eigentleg eit tapsprosjekt for alle land og bør avskaffast. Men eg er einig i at vegen dit kan vere lang.

For å kommentere dette hadde NRK Radio P2  leigd inn ein «forskar» frå forsvaret sin høgskule (NATO). «Uavhenige kritiske media» leiger altså inn "bukken som passar havresekken" til  å kommentere ei av dei viktigaste sakene i vår tid, opprustning eller ikkje opprustning. Som venta argumenterte «forskaren» frå forsvaret sin høgskule med at Russland var ein  trussel mot Nordisk tryggleik. Og Russland utgjer den risikoen fordi dei har overteke Krim og fordi dei driv aggresjon i Ukraina og kan bruke liknande argument for å blande seg inn i Baltikum. Og den som kontrollerer Gotland, kontrollerer Austersjøen, og det kan Russland finne på å gjere. No er det slik at verdshistoria fortel at Russland aldri har angripe Sverige, men at Sverige har angripe Russland. Men la det ligge. Russland kan utgjere ein trussel mot Sverige om dei vil. Så derfor er eg for at Sverige set seg i stand til å forsvare seg viss dei meiner at Russland utgjer ein trussel.

«Forskaren» frå forsvaret sin høgskule hoppa derimot elegant over ein del andre fakta. Og han vart ikkje utfordra på det. For det første: Russland har aldri truga Baltikum i moderne tid! Tvert imot har dei set landa fri! Rett nok er det store russiske minoritetar i dei baltiske landa, som vert dårleg behandla av maktahavarane, med NATOs samtykke og bistand. Og det kan tenkjast å gje opphav til konfliktar der russarar vil krevje at landet deira forsvarar desse minoritetane. Så det er heilt greitt for meg at baltarane søkjer stønad hos makter som eventuelt kan hjelpe dei med forsvaret av grensene viss slike tilfelle skulle oppnstå. Men eg saknar altså bevis på at NATO forsvarar dei russiske minoritetane i Baltikum!

For det andre: NATO har støtta eit folkerettstridig og valdeleg kupp i Ukraina som ikkje vart nemnt av «forskaren». Dette kuppet førte nynazistar, fascistar og vestlegorienterte ultranasjonalistar til makta i Kiev (saman med vestlegorienterte oligarkar). Det første desse gjorde, var å erklære at dei skulle utrydde alt russisk i Ukraina, og dei hadde allereie på førehand begynt på den jobben med diverse aksjonar i Aust-Ukraina og på Krim. Russarane på Krim og i Aust-Ukraina kunne sjølvsagt ikkje like dette og begynte å organisere motstand. Det endte med at Krim erklærte sjølvstende, og at Aust-Ukraina gjekk til væpna forsvar mot Kiev sine væpna åtak. Dette nemnte altså «forskaren» ikkje med eit ord, uimotsagt.

NATO sin stønad til kuppet i Kiev og det nye maktapparatet i Kiev var heilhjarta og utan atterhald frå første stund. Og desse makthavarane la ikkje skjul på at dei og ville leggje Krim under seg, og gje NATO høve til å gjere Krim til ein åtaksbase mot det russiske militære forsvarsanlegga i Sevastopol. Dette vart sjølvsagt ikkje nemnt av «forskaren». Viss dette hadde blitt ein realitet, hadde ikkje Russland lenger hatt noko mulegheit til å bruke sine rettar i Svartehavet. Dei risikerte å bli utestengt frå Svartehavet og bli angripne også derifrå. Dette kunne sjølvsagt ikkje Russland ta risken på, og støtta opprøret på Krim slik at det skulle lykkast , mot NATOs vilje. Deretter støtta dei også opprørarane i Ukraina for at desse ikkje skulle bli utrydda av nazistane/fascistane/ultranasjonalistane i Kiev. Dei oppnådde med det MINSK I og MINSK 2. Som ikkje blir gjennomført fordi NATO ikkje stør det, men motarbeider det med alle midlar.

Når ein set desse hendingane i samband med NATO si planmessige øydeleggjing av Jugoslavia som nøytral stat i Europa og etableringa av NATO-basane der, og med NATOs baseoppbygging i Polen og Romania, står vi att med EI aggressiv makt, nemleg NATO. Stikk i strid med «forskaren» sin påstand om at Russland står for aggresjon. I tillegg har vi ein del hendingar til: NATO har lenge stått i spissen for aggresjon i Midt-Austen, Vest-Asia og Nord-Afrika. Russland har der BERRE stått for eit folkerettsleg forsvar av Syria.

Konklusjon: Ut frå dei reelle fakta kan eg ikkje forstå korleis Russland kan utleggjast som aggressor. Men eg ser heilt klart at NATO er ein aggressor. Og eg fryktar, med god grunn etter eige vit og forstand, at NATO planlegg og byggjer opp til open krig mot Russland i ganske nær framtid. Eg tykkjer NATO meir og meir liknar på eit samband som skal fullføre den erobringa Hitler ikkje klarte å fullføre. Og eg åtvarar mine medmenneske om å blindt late seg leie den vegen-