Nynorsk sidemål skal ut
22.jan 2017
ØVST UPPE
Øvst oppi høgaste fjelldalom er det
landet seg lyfter himlane nærast,
skjoldkveld og kuve hevjar den særde
bringa mot strøymande skyflaum som ferdast
vidt over verda på stormen sin veng,
Noreg si bringe, som soldrosa kysser
fyrst, når ho stråløygd or myrkheimen gjeng,
og der ho sist enno braglar og lyser
blodraudt når landet i nattskuggar dimmest.
Øvst oppi høgaste fjelldalom er det
landet seg knyter i fjellstorkna trass,
jutullvillt, trolltungt, bredekaldt – herde
knokar mot kvelven, or gråurd og ras.
Her lyner himlane ned sine spjot,
rullar sitt tordøn, og brakar med stormar,
driv sine isklør i naknaste grjot;
her er det magter som ingor tid dormar,
her er det landet som trassugt held ut.
Øvst uppi høgaste fjelldalom er det
storstilla byggjer sin tempelkor;
skinande tindar er suler som ber det
stjerneeldbrisande blåtak og stor
lyser som altarljos raudlege maane,
og liksom heilage, angande eimar
fjellhilder, myreim og blåne på blåne;
elvasø, fossedur, sjog frå fjellheimar
kyngjer og tonar som dyngjande orge.
Øvst upp mot fjella, ja der må det vere
ånder kan lyfte si skakande røyst,
stormar kan take det hjalet og bere
ut over bunde og ut over løyst.
Dit vil eg stige or låglendekjavet,
stige i fjellstilla tett fyre dag!
Høgtankar stimar som sol over havet;
ånda slær vengen i morgonkveikt jag;
lyfter si røyst i høgåndekoret.
Dette er eit dikt av Henrik Rytter. Det er eit godt dikt. Ikkje fordi det følgjer reglane for formfullendte dikt. Ikkje fordi det er lettforståeleg. For Henrik Rytter var ein forfattar som tillet seg å lage ord og vendingar utanom det vanlege. Ein må ha vilje til å setje seg inn i nynorsk, dialektar og norsk tradisjon for å forstå dette diktet.
Kvifor er da diktet likevel godt? Fordi det betre enn noko anna dikt eg kjenner til reflekterer den opplevinga og fornyinga mange menneske får når dei vitjar fjellheimen. Dei fleste nordmenn går glipp av innhaldet i dette diktet? Kvifor? Fordi det ikkje finst vilje hos mange til å setje seg inn i det norske. Dei orkar ikkje, men tyr til det letttilgjengelege og overflatiske i staden.
Partiet HØGRE er ein organisasjon som arbeider hardt for at dikt som dette skal gå i gløymeboka og aldri bli kjent. Korleis gjer dei det? Jau, gjennom å hevde at nynorsk er vanskeleg og kunstig. Jau, gjennom å hevde at dialektar er fine, men ikkje brukande i offentleg samanheng eller som normalt talemål. Dei tør ikkje enda å påstå at norsk kultur er vanskeleg og kunstig. Tvertimot står denne fløya i HØGRE fram saman med likesinna og ropar høgt at vi må ta vare på det norske. Men kva meiner dei med det?
Dei meiner ingenting med det. Eller dei meiner at norsk kultur er det dei vel ut og bestemmer er norsk kultur. For eksempel riksmål er ifølgje deira lære norsk kultur. Ja, det er det til ein viss grad! Men riksmål er ein bitte liten del av norsk kultur. Sjølv konservativt bokmål, som Finn Erik Vinje og HØGRE arbeider for skal vere den einaste kjende og tillatne skriftmåten i Norge, er berre ein etter måten liten del av norsk kultur. Og dialektar skal folk bruke berre privat og til å drive ap med. Det er og den einaste bruken av nynorsk skriftform HØGRE sett pris på. Det er tragisk, men det gjer nordmenn til eit sneversynt og einsretta folk. Men det er vel det dei ønskjer, da?