HØGRE PLANLEGG Å TA LIVET AV NYNORSK OG DIALEKTAR:
Kunnskapsminister Torbjørn Røe-Isaksen har kome med eit snedig utspel på vegner av Høgre. Han vil ta språknormeringsansvaret
frå Språkrådet og overføre det til 2 private organ: «Det Norske Akademi for Språk og Litteratur» og «Nynorsk kultursentrum». Og kvifor vil han det? Jau fordi det ikkje er det offentlege som steller med
slikt i « mange andre land» og fordi vi har "GÅTT BORT FRÅ SAMNORSKTANKEN». Tilvisinga til andre land er sjølvsagt berre eit kvasi-argument. Det eigentlege argumentet er sjølvsat dette med samnorsken som vi
skal ha teke avstand frå. Men det har vi aldri gjort. Det er eit falsum. Det som skjedde var at ein omfattande RIKSMÅLSAKSJON fekk politikarane til å gjere ein retrett i normeringsprogrammet. Og det var truleg fornuftig, for språknormeringa
var driven så hardt ei stund at mange fekk rasande skrivevegring. Denne protesten var mest merkbar på bokmålssida, for dei var i stand til å rope høgast. Men protesten fanst også på nynorsksida i rikeleg monn. Dette
betyr slett ikkje at fleirtalet av det norske folk har gjeve opp samnorsktanken. Men normeringsarbeidet kan ikkje drivast så hardt at det tvingar folk til å slutte å skrive. Normeringa må vere slik at dei fleste grupper i folket føler
at dei kan skrive eit språk som er deira. Men her er Høgre ute i andre ærend. Har det vore mykje riksmålsfolk innom Høgre-kontora i det siste? Viss riksmålsfolk skal stelle med normeringa i bokmål, får vi sjølvsagt
til slutt riksmål eller Finn Erik Vinje sin konservative bokmålsnormal som einaste tillatne skriftform på bokmål. Kva vi får på nynorsk, veit eg ikkje, men at vi får ei skriftform som femnar fleire dialektar og talemål,
trur eg ikkje. Kvifor er så Høgre slik på høgget her? Jau, dei trur sjølvsagt at dei alt har vunne kampen mot nynorsk. Med dette snedige opplegget skal dei sjølvsagt sørgje for at nynorsk og tanken om å
skrive talemålsnært får den endelege dødsstøyten. Vi skal alle tvingast inn i riskmålselitens einfald.